Jugendstilsenteret
Skal tru om ikkje han hadde likt seg i Jugendstilsenteret Henrik Nissen som sa dette? Han som var bygningssjef for det nye murstrøket som reiste seg i Ålesund etter bybrannen i, han som drog i trådar og drog liner for korleis den nye byen skulle sjå ut. Skal tru om ikkje han hadde likt at eit av dei mest særprega jugendhusa har vorte hus for bygningskunst og port til annan kunst?
Jau, og eg trur han likte huset til Jugendstilsenteret då det vart bygd også. Han var tolv år eldre enn Hagbart Schytte Berg som teikna «Apothekergaarden» og ei rekkje andre jugendhus i Ålesund. Men begge var karar i sin beste alder. Begge hadde studert i Tyskland og i Berlin. Begge kunne lese det tyske magasinet «Die Jugend» som skreiv så varmt om Art Nouveau at kunstarten vart heitande jugendstilen. Og begge hadde dessutan teikna og joba seg gjennom bygg i nyrenessanse, nybarokk og nyromansk stil. Dei var nok klar for den nye kunsten også. Art Nouveau. Jugendstilen.
Jugendperle
I dag står Schytte-Berg si jugendperle fram som eit sjølvsagt val for eit nasjonalt jugendstilsenter.
Det gamle Svaneapoteket er porten inn til senteret. Ein veg går til høgre til kontoret til apotekar Jørgen Anton Øwre. Der ligg gjesteboka. Sjølv i dei mest turistfattige vintermånadene er der besøkande frå Japan og Finland. Italia og California. Og Drammen.
Frå kontoret svingar ei prakt-trapp seg opp til andre etasje og det som var apotekarfamilien sine private gemakker. Spisestuebordet er dekt til fest. Alt er på plass. Som alt var klargjort frå arkitekten då spisestua vart bygd. Romet er eit eksempel på det som vart kalla det totale kunstverk. Alt hadde arkitekten ei hand om frå taklister og brystningspanel til stolar og bord. Romet er tungt og detaljtett. Det imponerer sjølv i dag. Fortel om stil og klasse.
Internasjonalt
Lenger bort i gangen er uttrykket eit anna. Lett. Lyst. Og ein reiser ut i verda. Fotoutstillinga frå spa-senteret i Bad Nauheim viser bilde som er forunderleg gjenkjennelege. Vi ser eit Ålesund i Tyskland. Og forstår at vi eigentleg har eit stykke Tyskland i Ålesund.
Jugendstilen har henta inspirasjon frå mange land og nådd ut til mange land. Mellom anna er tapeten i spisestua til apotekar Øwre importert frå Japan. Japanske trykk var også vanleg veggpryd i jugendstil-tida. Og mellom dei japanske bilda som er utstilte så heng også ein bildevev av Gerhard Munthe som sender tankane fleire hundre år tilbake til norsk bildevev sin gullalder. Jugendstilen med utspring på kontinentet fekk sin norske vri. Det fortel også beslaga på skjenken i spisestua. Der har den kontinentalen stilen fått ein snev av stavkirke- og vikingtidsornamentikk.
I ein monter står noko eg først trur er ein liten modell av eit drikkebeger frå vikingtida. Det er ein knoppvase i sølv og emalje laga av smykkekunstnaren David Andersen.
Portvinsmousse
Tilbake i apoteket går vi inn ei anna dør. Inn til cafeen der dei lovar Dronning Maud-kake med portvinsmousse. Og sjølvsagt Lohengrin-sjokolade i si klassiske jugendstil-innpakning., Vinterstid er det kaker og kaffi i veka. I helgane også lunsjmeny. Eit par kvinner er der. Så ramlar fleire inn og plutseleg er vi godt over tjue. Det er tid for Ålesund bibliotek sitt litterære friminutt. Henrik Sandjord frå biblioteket fortel om ein for dei fleste totalt ukjent russar. Han les frå Vladimir Sorokin si bok. Rundt borda vert det humra. Nokre noterer namn på forfattar og tittel på boka i medbrakte, små skrivebøker.
– Vi må ha litt inspirasjon i kvardagen, seier ei.
Eg går vidare
Inn i tidsmaskinen. Det buldrar og ristar i tidskapselen før ein går uti 1904. Flammane brøler gjennom stormen. Så kjem stillheita etterpå og historiene. Det er bybrannen som er bakgrunnen for jugendbyen Ålesund, og det får eg fortalt i ei femten minutts multimediereise før eg går ned i kjellaren og får vite meir om arkitektur og handverk.
Frå brunt og tungt treverk og ein stil som kan sende fantasien inn tankar om europeisk stormannsgalskap går ein plutseleg inn i ei verd med kvite veggar og moderne kunst. Nabohuset Kube har eit heilt anna uttrykk og gir eit heilt anna inntrykk. Kube er Møre og Romsdal fylkesgalleri. Akkurat no er det Chris Rønneberg som ser tilbake og viser fram verk i utstillinga «Retro». Kjell Torriset har erobra dei store veggane i hovudetasje og på loftet. Bytrafikken dundrar forbi på utsida. Inne er det tid for å sette seg beint ned på den klassiske svarte galleriskinnbenken. Sette seg. Sjå. Kjenne. Føle. Like. Eller mislike. Kunstkvartalet er ein stad der ein kan oppleve. Tenke. Måtte tenke. Få lyst til å tenke.
Kunst
I februar kjem Christoffer Svendsen med skulpturar og objekt samtidig som Kube skal ha kollektivutstilling med ulike teknikkar før Liv Dysthe Sønderland tek over med grafikk og teikning, og mottakarane av Møre og Romsdals kunstnarstipend held kollektivutstilling.
Så kva seier du Henrik Nissen? Kanskje er det ikkje nokon kunstart som grip slik inn i folk sine liv som bygningskunsten, men det gjer vel ikkje bygningskunsten akkurat noko dårlegare at han vert fylt av anna kunst?