Ørsta

 

Svendsengarden i Ørsta gjekk frå privat stordom og glansdagar, mot ei rønne til nedfalls. Folk som såg potensialet i fornying av gammal stordom gjekk inn i tolvte time - og skipa eit venelag.   Etter omfattande kostnad, arbeid og administrativ innsats stod Svendsengarden ferdig oppussa i mai 2003. Knappe tiåret etterpå kan garden katalogiserast som nyare lokahistorie av det levande slaget for Ørsta.

Mat og prat

I dag har Kafe Fru Svendsen og innehavar Anne Elin Brautaset (52) gjort Svendsengarden til ein myldrestad for mat, prat, kunst og kultur. Mange typar kultur, men ikkje kva som helst slag mat.

– Nei, berre fersk og heimelaga. Alltid! Både bakst og hovudrettar. Dette er minstemålet for signaturen vår, smiler Anne Elin Brautaset. Ho vart handplukka og blinka ut til satsingsobjekt frå Svendsengarden sine vener, alt eit par års tid før det kommuneeigde prosjektet stod ferdig.

Toppa bløtkake

Etter snart ni års drift er satsingsviljen vidare på topp.

– Her skjer noko kjekt og spennande heile tida. Det er umuleg å bli lei, forsikrar Brautaset. Ho toppar ei nybakt bløtkake med friskfrosne bringebær på kjøkenet, like før storinnrykk av bygdfolk som vil rive i seg av nasjonal-lokal-livretten fårikål.

Øl og mjød

Drikken er likevel kanskje det som lokkar mest denne kvelden: Kornølbryggjar Per Atle Røe frå Bondalen er på plass med foredrag om ølet si historie, og raust med smaksprøver. Mjød har han også med, Haarek-drikken.

Dermed er vi midt inne i onsdagskonseptet til Anne Elin Brautaset og hennar frivillige kvinneliga. Onsdag kveld ein gong i månaden er det temakveld på kafeen, og sju - åtte damer trår til. Pauline Vartdal Vinjevoll er ei av dei sist tilkomne i kvinnelaget.

Den faste gjengen

– Eg vart med etter å ha vore på Svendsen ein del arrangement. Eg er spesielt interessert i lokal kultur av ulikt slag, og det verka forlokkande å få vere del av denne faste gjengen. Eg har på ingen måte vorte skuffa, forsikrar Vartdal Vinjevoll.

Damene startar med idedugnad før kvart onsdagssete på Svendsen. Når tema er bestemt, går resten av innsatsen med til å planlegge detaljane, gjere innkjøp av pynteting og staffasje og få alt på plass og i orden. Når kvelden er der, tek damene på seg forklea og serverer - på hovmeisterleg vis.

Innehavar Brautaset seier seg svært glad for denne veninneinnsatsen, som ho finn både inspirerande og utviklande.

Supplement

– Dette vert eit heilt spesielt supplement til den vanlege drifta, som i grove trekk går ut på å drive selskapslokale for dei fleste tenkjelege formål.

– Til den drifta har eg eit anna kvinnelag, tilsette i eit driftskonsept og ei heilt anna setting, fortel Brautaset.

Ho fortel at nesten alle slags idear plar poppe opp når onsdagsdamene har idedugnad.

– Men vi prøver å vere flinke til å plukke ut lokale og gjerne unge utøvarar av musikk og kunst. Vi tilbyr dei eit lokale, ein scene og eit takknemleg publikum. Dette er ein funksjon vi aldri taper av syne, seier Brautaset.