Skageflå
Verdsarv er til for å brukast aktivt, ikkje berre til å sjå på avstand. Dette er vår instendige oppmoding - etter å ha vore med på rundturen Geiranger sentrum, Skageflå, Homlongsetra, Homlong og derifrå trasking på fin grusveg tilbake til Geiranger sentrum.
Forlokkande
Om sommaren 2011 har vore av det temmeleg gråvåte slaget, så ligg denne rundturen der og er like forlokkande om det skulle bli fine haustdagar framover. Turen er nok ein utprega tre årstiders tur, den fjerde og kvite er uaktuell for dei fleste.
Fjellhyller
Våren 2011 baud elles på overraskingar for dei første som ville teste den styggbratte fjellstien opp til fjellhylla med det segnomsuste gardsnamnet Skageflå, eit namn vi meiner berre grannebruket Knivsflå - i same høgd rett tvers av fjorden - kan matche på klang og dramatisk kulturhistorisk sus.
Steinras
Overraskinga var at eit steinras hadde rasert deler av stien opp til Skageflå, sopt med seg både hellestein og vegetasjon.
Ingen må tru at ein ikkje er midt i barsk sunnmørsnatur når ein skal opp her.
Men Storfjordens Venner visste råd, stiftinga leigde inn sherpaer og vips var vegen reparert og i orden att. Dei ypparste fagfolk mellom verdas fjellfolk ordnar opp, og så i norsk verdsarv.
Dermed er turen opp til fjellhyllegaren , 250 meter over fjorden, igjen fin å forsere. Og det er spent opp solid sikring mot dei luftigaste skrentar og stup.
Dronningrute
Vel oppe på gardstunet får ein første forståinga av kvifor Dronning Sonja valde nettopp Skageflå inn på reiseruta si for markering av kongeleg sølvbryllup i 1993. Stadig fleire har valt same ruta og fått sjå det same vidsynet: Ein grannegard som nærast heng i lause lufta ved ein sjudelt foss, rett tvers av: Knivsflå. Den einslege fossen Friaren på motsett side av Systrene. Kajakkar, ferjer og skip - i eit høgdeperspektiv der du får kjensla av å kunne sjå ned skorsteinen rett i sylindrane i maskinrommet på turistdamparen.
Storgard
Turen går vidare bratt opp frå Skageflåtunet, der dei i si tid heldt hus for eit imponerande stort husdyrhald. På det meste skal det ha vore 125 mjølkegeiter på garden, og her var også sau og mjølkekyr. «–Ein grøderik storgard - der absolutt ingen skulle tru det var råd for nokon som helst å setje bu», trur vi Oddgeir Bruaset ville konkludert, om han hadde vore i sving den tida her var folk. Garden vart fråflytt i 1916, men har vorte halden svært godt i hevd med støtte frå ulike kulturminneinstansar. Seinast i slutten av august 2011 er det i gang eit omfattande arbeid med forflegring av fjøsmurane på Skageflå.
Luftig
Frå tunet går altså turen vår opp lia til under foten av nokre flogbratte fjellhamrar. Her dreiar råsa til venstre, no i retning attende mot fjordbotnen langt under oss. Også her er det luftige siktpassasjar. Vaktar ein stega sine, er terrenget etter vår vurdering trygt å gå i. Såleis var også familiar med mindreårige born med på denne turen.
Homlongsetra
Neste stoppepost er Homlongsetra (550 m) , idyllisk og fritt ligg ho der med sine godt vedklikehaldne hus. Her ser ein rett over fjorden til Gomsdalen. Frå Homlongsetra er det fin og variert sti vidare innover og nedover, heile tida med glimt gjennom skogen ned mot verdsarvfjorden..